fredag 17. juli 2009

Award

Eg fekk ein award før eg gjekk på ferie, og det er sjølvsagt VELDIG kjekt så tusen tusen takk til Tove (hekleguruen min) :D Det å få awarden inn i bloggen min har teke si tid, det har ikkje vore fordi eg ikkje har satt pris på awarden (for det gjer eg så ABSOLUTT), heller fordi der har skjedd så mykje i forkant av ferien. Men heldigvis så er det noko som heiter betre seint enn aldri.

Eg må dela den med Kristin, den tredje strikketeren (ilag med meg og Tove). Ho er lantifrå ny til stikkepinner, det er sikkert og vist, denne jenta kan alt innan strikking. Blogging har eg og Tove lurt ho med på, og ho fortjenar award for begge delar. For det ho kan skikkeleg godt og for det ho har begitt seg ut på å læra og kjem til å bli grådig god i :)

Camilla fortjenar og awarden, ho har reist til Bærum for å prøva lukka og sambuarlivet. Har klart å smitta ho med strikkedilla og no er ho litt småsjuk med blogging og. Det er veldig spanande å følgja med på bloggen hennar då Camilla har mangen ting føre, et energinivå eg ikkje heilt forstår meg på, men misunnar :)

Gjev og award til Lise. Bloggen hennar er til konstant inspirasjon, ho har fått meg til å prøva meg på veskesying. Ellers så kan ho det meste, noko bloggen hennar visar igjen, igjen og igjen. Søte kattunger gjer det og kjekt å følgja med :) Keep up the good work Lise :D

God sommar til alle saman :)

2 kommentarer:

lise sa...

Takker så mye!

Mooncat sa...

Eg og takker og neier:)