søndag 14. august 2011

Tida flyr...

Eg har hatt ein LANG bloggtørke, for å seie det mildt. Den blei faktisk like lang som vinteren vi fekk denne gongen. Rett før snøen forsvant og livet byrja å komma tilbake til Noreg så gjekk det opp for fleire av meg og mine venner at vinteren hadde vart i 6 mnd. Min blogg tørke har vore litt lenger, men skal no prøva å oppsummere tørketida slik at eg kan komma igong att med ny frisk :) Vinteren var lang, men der var eit par flotte dagar då og.
I vinter blei eg veldig hekta på å strikke selbuvottar, sokker og inne-strikke-sko. Reknar med å selgja til folk på jobben. Det er ikkje den varmaste plassen på jord på kalde dagar, så der er det behov for varme plagg. Blei hekta på mønstera til Jorid, så vottane i effektgarn er begge hennar mønster. Mønsteret til dalahesten hugsar eg ikkje kor eg fant no. Den raude og gule votten er Stjørdalsvotten, fant den som kit på Værnes flyplass påveg heim frå eit møte i Trondheim, måtte berre kjøpa :) Alle er strikka i reint ullgarn av forskjellege typar. Inne-strikk-skoa mine har eg i det siste strikka i Colorado, kjøpt her. Oppskrifta til Inne-strikke-skoa er kjøpt hjå Ateljè Margarethe. Sokkane hugsar eg ikkje kva mønster eg har benytta, men det lilla garnet er arwetta. Der vert nok meir av dette gjennom året :)
I februar blei eg og bror min invitert til å møta mamma og pappa i syden for ei veke med sol, avslapping og ikkje minst familiehygge. Det var deilegt!! Kor mangen er det som reise til syden, kjøpe seg eingongs grill og grillar pølser og småpølser på plenen? Storkosa oss!!
I påsken har eg og bror min dei siste 4-5 åra laga 3-retters middag til heile familien. Vi pønskar ut menyen eit par måndar i forvegen, planlegge kven som handlar inn kva, så kokkelerar vi ilag og byr på god mat og drikke. Iår laga vi skalldyr risotto til forrett. Kalvesteik med fløtegratinerte poteter og diverse grønnsaker. Til dessert hadde vi laga pannacotta med bærcoulie. Vi blei alle like mett som etter jule og nyttårsmiddagane :)
Har hatt ein liten tur til Luxembourg. Ein flott plass og definitivt vert å besøkja. Så neste gong du har lyst på ein storbyferie men ikkje veit akkuratt kva storby å besøkja, vurder Luxembourg sterkt. Resten av Europa er kun korte togturar unna, f.eks Paris er 2 timar hurtigtog, Trier (Tyskland) er kun 30 min togtur unna. Men Luxembourg har mykje å by på av ting å sjå og historie. Folk var veldig hygglege, maten var god, shopping og sightseeing m.m :)
Der har vore forøkningar i verda, og nokon har faktisk eg og strikka til (og hekla faktisk). Dette blei eit sommarbarn, født 2-3 veke for tidleg. Eg fant ut at ei jakke i tynn bomull, og oppskrift blei Garder Yoke Baby Cardigan. Pleddet er enkle bestemorsruten i Spar Kjøps Baby Superwash. Kjekt å høyra at begge deler vert brukt regelmessig :) Kanksje eg må strikka ein vintersett til vetleguten Sander til vinteren?? :)
Sommarferien har eg tilbrakt heime i Sogn. Rundt huset har det florert med småfuglar, meir enn noko år tidlegare. Reknar med det er eit resultat av pappa sin trufaste mating av alle småfuglar dei siste par vinterane. Det er ei fryd å sjå og høyra alle småfuglane, men det er og moro å prøva å fotografere dei. Kamera låg alltid klart med telelensa klar denne sommaren. Under er eit lite utdrag av det vi hadde i hagen :)
Dette er noko av det eg har gjort på i bloggtørketida mi når eg ikkje har sete i sofaen med strikketøyet i fanget, vore på trening, vore med venner, spelt brettspel o.l.
Håpar no å komma igong med litt meir regelmessig blogging att. Det er litt med blogging som med slanking og trening, det er tungt å komma igong men når ein fyrst er komt igong så går det delvis av seg sjølv :)